Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  7 (Frå eitt medium til eit anna)   >  OPPGÅVER  >  Ekstraoppgåver  >  Adaptasjon - frå tekst til teikneserie
   
  KAP. 7. FRÅ EITT MEDIUM TIL EIT ANNA
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Adaptasjon - frå tekst til teikneserie

Tekstar: «Jeg ser» av Sigbjørn Obstfelder (Tema vg3 side 330) og teikneseriane «Jeg ser» og «Jeg glor» av Steffen Kverneland (Tema vg3 side 449)
  1. Gå saman to og to. Les diktet og dei to teikneseriane. Kommenter teikneseriane og diskuter om dei er gode. Grunngi synspunkta dykkar.
  2. Behandlar dei diktet med respekt?
  3. Uttrykkjer dei noko anna enn diktet? I så fall: kva?
  4. I den første serien byggjer Kverneland på Munchs portrett av Obstfelder (sjå side 410 i læreboka) og dessutan på det kjende Munch-biletet «Aften på Karl Johan» (sjå side 31). Kvifor trur du Kverneland har sett inn ein hest i sin versjon av Munchs Karl Johan-bilete? (Tips: Les utdraget frå Knut Hamsuns Fra det ubevisste sjeleliv side 320.)
  5. Er det rett å påstå at teikneserien er ei tolking av Obstfelder-diktet? Grunngi svaret.
  6. I den andre teikneserien er diktet på samnorsk. Finn ut kva samnorsk er. Kva gjer dette med diktet, og kva har bruken av dyremotiv å seie?
  7. Lag din eigen teikneserie, som byggjer på diktet.
  8. Lag ein moderne tekstversjon av «Jeg ser», der du erstattar adjektiv og substantiv med nye ord, men lèt resten av diktet vere som det er.

« Attende