Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  1 (Litteraturen 1850-1900)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Arne Garborg – jærbu og europear
   
  KAP. 1. LITTERATUREN 1850-1900
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Arne Garborg – jærbu og europear

  1. Kva er eit dekadanseverk?
  2. Kva heiter Arne Garborgs dekadanseverk?
  3. Kvifor følte Arne Garborg tidleg at han måtte flytte heimanfrå?
  4. Kva heitte bladet som Arne Garborg grunnla?
  5. Kva for saker var Arne Garborg oppteken av, og kva for standpunkt hadde han i saker han skreiv om?
  6. Kva for sjangrar skreiv Arne Garborg i?
  7. Nemn tre sentrale titlar frå forfattarskapen til Garborg. Kva slags verk er dette? Skriv 3–5 linjer om kvart av dei.
  8. Kva for andre forfattarar er Arne Garborg påverka av?
  9. Når levde Arne Garborg, kva levde han av, og kvifor blir han kalla jærbu og europear?
  10. Kven har sett melodi til mange av tekstane i kanskje det mest folkekjære verket til Garborg, Haugtussa?
  11. Vel ut ein tekst av Arne Garborg. Kommenter teksten litterært og plasser han litteraturhistorisk. Lenkje til tekstane hans finn du her.

Kjelder:
«Nordisk forfatteratlas - Arne Garborg» - frå nrk.no
Arne Garborg – biografi - frå NRK nyheter
Garborg, Arne - frå Ivar Aasen-tunet

Tidsramme: Nettsøk og lesing av tekst: 90 minutt
Arbeid med å leggje til rette stoffet: heimearbeid
Presentasjon av stoffet: Omfanget av presentasjonen og om han skal vere ein skriftleg, munnleg eller samansett tekst, må avtalast med læraren.

« Attende