Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  1 (Litteraturen 1850-1900)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Henrik Ibsen – skaparen av det moderne dramaet
   
  KAP. 1. LITTERATUREN 1850-1900
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Henrik Ibsen – skaparen av det moderne dramaet

  1. Kva er Henrik Ibsen berømt for, og kvifor er han så berømt?
  2. Gi døme på at Ibsen er verdskjend også i dag.
  3. Når og med kva for eit verk debuterte Ibsen?
  4. Kva for sjangrar skreiv han i?
  5. Kva er det siste verket hans, og når blei det skrive?
  6. Kva for litteraturhistoriske periodar finn vi i norsk litteratur innanfor det tidsrommet då Ibsen skreiv verka sine?
  7. Nemn eitt verk av Henrik Ibsen frå kvar periode. Kva er temaet i dei verka du har nemnt?
  8. Les første akt av eit Ibsen-skodespel og skriv ein litterær kommentar (på 300–500 ord) til denne akta, basert på di eiga lesing.
  9. Kva ved Henrik Ibsen sitt profesjonelle og personlege liv kan det vere verdt å vite om i arbeidet med kunsten hans? Grunngi svaret.

Kjelder:
Informasjonsside om Henrik Ibsen og diktinga hans
Bokprogrammet om Ibsens Nora frå NRK Nett-tv

Tidsramme: Nettsøk og lesing av tekst: 90 minutt
Arbeid med å leggje til rette stoffet: heimearbeid
Presentasjon av stoffet: Omfanget av presentasjonen og om han skal vere ein skriftleg, munnleg eller samansett tekst, må avtalast med læraren.

« Attende