Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  1 (Litteraturen 1850-1900)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Amalie Skram – den store naturalisten i Noreg
   
  KAP. 1. LITTERATUREN 1850-1900
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Amalie Skram – den store naturalisten i Noreg

  1. Verka til Amalie Skram blir gjerne delte i ulike grupper. Korleis blir dei delte inn, og kvifor blir dei delte inn på denne måten?
  2. Nemn tre sentrale verk i forfattarskapen til Amalie Skram og gjer kort greie for kva desse verka handlar om.
  3. Amalie Skram er naturalist. Når var denne perioden, og kva var typisk for naturalismen i litteraturen?
  4. Gi grunnar for påstanden om at Amalie Skram er ein naturalistisk forfattar.
  5. Kva for livserfaringar hos Amalie Skram har sett spor etter seg i forfattarskapen hennar?
  6. Kva for refleksjonar saknar Dagbladets litteraturkritikar Bjørg Vindsetmo i moderne vurderingar av forfattarskapen til Amalie Skram?

Kjelder:
«Nordisk forfatteratlas - Amalie Skram» - frå nrk.no
Naturalisten Amalie Skram - frå Høgskolen i Volda
Billedrikt om Amalie Skram – Litteratur - frå dagbladet.no

Tidsramme: Nettsøk og lesing av tekst: 90 minutt

Arbeid med å leggje til rette stoffet: heimearbeid

Presentasjon av stoffet: Omfanget av presentasjonen og om han skal vere ein skriftleg, munnleg eller samansett tekst, må avtalast med læraren.


« Attende