Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  7 (Språk frå 1100 til 1500)   >  OPPGÅVER  >  Tekstarbeid  >  Soga om Ramnkjell Frøysgode
   
  KAP. 7. SPRÅK FRÅ 1100 TIL 1500
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LYDFILER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Soga om Ramnkjell Frøysgode

Språkleg kommentar av norrøn tekst.
Utdrag frå Soga om Ramnkjell Frøysgode.

Tekstutdraget nedanfor er frå begynnnelsen av kapittel 2 av den islandske ættesoga Soga om Rankjell Frøysgode.

Omsettinga til moderne norsk er ved Bjarne Fidjestøl:
  1. Hrafnkell lagði þat í vanda sinn at ríða yfir á - Ramnkjell gjorde seg til vane å ri innover
  2. heiðar á sumarit. Þá var Jǫkulsdalr albygðr - heiane om sommmaren. Då var heile Jøkulsdalen
  3. upp á brúm. Hrafnkell reið upp eptir - bygd opp til bruene. Ramnkjell reid opp etter
  4. Fljótsdalsheiði ok sá hvar eyðidalr gekk af - Fljotsdalsheia og såg at det gjekk ein øydedal
  5. Jǫkulsdal. Sá dalr sýndisk Hrafnkatli - opp frå Jøkulsdalen. Denne dalen tykte han såg
  6. byggiligri en aðrir dalir, þeir sem han hafði - ut til å vere betre å bu i enn dei dalene han hadde
  7. áðr sét. - sett før.

Oppgåve:

a) Kommenter den norrøne teksten språkleg. Ta gjerne utgangspunkt i følgjande spørsmål:
  • Kva sjanger hører teksten til?
  • Kjem sjanger til uttrykk i språket i teksten?
  • Kva slags bokstavar er særeigne for norrønt?
b) Forsøk også å kommentere ulike bøyingsformer av same ordet.

c) Kommentaren kan presenterast som ein kort fagtekst (maksimum ei side), eller som ein lysbiletepresentasjon.