Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Ekstraoppgåver  >  «Europahymnen»
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

«Europahymnen»

EU framstår i dag med mange særtrekk som elles er typiske for ein nasjonalstat. Ved sida av dei reint politiske institusjonane kan vi nemne både ein eigen unionsborgarskap, ei eiga mynteining og Europa-flagget. I tillegg kjem «Europahymnen» som nasjonalsong.

I 1972 valde Europarådet eit musikalsk arrangement av Herbert von Karajan over hovudtemaet i siste del av Beethovens niande symfoni, 4. sats, «Ode til gleda», som hymne for rådet. Frå 1986 er hymna også blitt brukt av Den europeiske unionen.

a) Nemn tre argument for ein europeisk nasjonalsong.

b) Nemn tre argument imot.

c) Skriv ein kommentar med utgangspunkt i argumenta. Kommentaren kan til dømes vere utgangspunkt for ein klassedebatt.