Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Ekstraoppgåver  >  Andre nasjonalsongar
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Andre nasjonalsongar

Finn nasjonalsongane til Danmark og Sverige på originalspråket og til Polen, Frankrike, Zimbabwe, India og Kina i engelsk språkdrakt.

De kan finne mange nasjonalsongar på nettstaden nationalanthems.info.

a) Liknar innhaldet og forma i desse nasjonalsongane på «Ja, vi elsker dette landet», eller vil de seie at nokre av dei skil seg ut på ein eller annan måte?

b) Nasjonalsongar dreiar seg gjerne om frigjering, historiske høgdepunkt, fellesskap, militære bragder, natur og religion. Kva for innhaldsmoment står sentralt i tekstane de har funne? Kva er forklaringa på at desse momenta er trekte fram?
(Slå opp i eit leksikon og les om historia til dei aktuelle landa for å finne informasjon om historiske hendingar som er nemnde i songen.)

c) Legg merke til når dei ulike nasjonalsongane er skrivne (eller offisielt er blitt nasjonalsongar), og prøv å forklare kvifor dei er blitt til akkurat då.

d) På internettadressa ovanfor kan de også høyre melodien spelt. Vel ut ein av nasjonalsongane og øv dykk på å syngje han, slik at han kan framførast i klassen.