Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Ekstraoppgåver  >  Den samiske nasjonalsongen
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Den samiske nasjonalsongen

Nedanfor ser du den samiske nasjonalsongen omsett til bokmål. Songen er skriven i 1906 av Isak Saba. Ved samekonferansen i 1986 blei det vedteke at songen skulle vere felles samisk nasjonalsong, og i 1992 godkjende Sametinget i Noreg songen som offisiell samisk nasjonalsong.

Samefolkets sang

Langt nord under Store Bjørnen
sakte stiger Samelandet:
Vidde seg bak vidde strekker,
sjø ved sjø hvor øyet rekker.
Lier, åser, snaue rabber
hever seg mot himmelbrynet.
Elver bruser, skoger suser,
stålgrå, steile fjell-nes skyter
mot det ville hav seg ut.

Vintertid med storm og kulde,
snøflokk uten mål og måte.
Sameslekten dog av hjertet
henger ved sitt hjem og yrke.
For en vandrer månen skinner,
nordlys flimrer, stjerner tindrer.
Reingrynt høres mellom krattet,
sus og brus fra sjø og slette,
pulkestøy langs vintervei.

Og når sommersolen gyller
fjell og skoger, hav og strender,
fiskere i gull-glans gynger,
gynger stilt på hav og innsjø.
Gyllent glinser svømmefugler
og som sølv de store elver.
Staker glimter, årer glitrer,
folket under sang det farer
gjennom stiller, stryk og foss.

Samelandets ætt og stamme
utholdt har og tålt så mange
herjingstokter, bannskaps-handler,
frekke, falske skattefuter.
Hill deg, seige samestamme!
Hill deg, fredens rot og flamme!
Aldri er der kamper kjempet,
aldri broder-blod har runnet
i den stille sameslekt.

Våre fedre før har seiret
over dem som urett øvet.
La oss også motstå, brødre,
dem som oss vil underkue!
Solens sønner seige avkom!
Aldri skal du overvinnes,
om det gylne språk du vokter,
husker dine fedres tale:
Sameland for samene!


a) Kva slags haldningar til det samiske folket og landet kjem til uttrykk i songen?

b) Kva for verkemiddel blir brukte for å fremje nasjonalkjensle?

c) Songen finst på CD en til Tema 2. Lytt til melodien. Kva for ei stemning formidlar han?

d) Dersom ein same representerer Noreg i ein internasjonal idrettskonkurranse og vinn gull – kva for ein nasjonalsong skal spelast når han eller ho står på pallen?

Skriv ein kommentar med utgangspunkt i spørsmåla ovanfor.