Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Ekstraoppgåver  >  «Ja, vi elsker dette landet»
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

«Ja, vi elsker dette landet»

«Ja, vi elsker dette landet» blei skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859, og er blitt brukt som nasjonalsong i Noreg sidan 1864. Han blei sungen første gongen av eit kor ved 50-årsfesten for frigjeringa på Eidsvoll, 17. mai 1864.

I den første versjonen hadde Bjørnson med ei hylling til kongen og den svensk-norske brorskapen:

Nu gror bare Aks i Vejen
for hin Ufredsmann.
Frihed svinger glad fra Hejen
mod vort Naboland!
Kongen selv staar stærk og aaben
som vor Grænsevagt,
og hans allerbedste Vaaben
er vor Broderpagt.

Denne strofa blei seinare teken ut.

a) Kva er det ved innhaldet i diktet som gjorde det veleigna som nasjonalsong?

b) Bjørnson nemner fleire historiske hendingar i diktet. Kvifor trur du han nemner akkurat desse hendingane?

c) «Ja, vi elsker dette landet» blei skrive for nesten 150 år sidan. Er dei nasjonale verdiane som diktet framhevar, aktuelle også i dag?

d) Synest du at nasjonalsongar bør stå uforandra gjennom tidene, eller bør dei moderniserast i tråd med utviklinga?

e) Kva for veremåtar, verdiar og hendingar burde ha vore med dersom Noreg skulle få ein ny nasjonalsong i vår tid?

f) Prøv å lage ein ny nasjonalsong, der de byggjer på moment frå oppgåvene ovanfor.

g) Kva har nasjonalsongen å seie for oss i dag?
  • Nemn nokre situasjonar der det er naturleg å bruke nasjonalsongen.
  • Kan de tenkje dykk situasjonar der de ikkje synest det passar?
  • Kva meiner de om nasjonalsongen og andre nasjonale symbol?