Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Ekstraoppgåver
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Ekstraoppgåver – prosjekt om norske nasjonalsongar

Nedanfor følgjer ein del oppgåver som er knytte til nasjonalsongar. Klassen kan til dømes dele seg i grupper og velje ulike oppgåver, eller de kan velje ut nokre av oppgåvene, som alle kan arbeide med.


Oppgåve 1
«Ja, vi elsker dette landet» blei skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1859, og er blitt brukt som nasjonalsong i Noreg sidan 1864. Han blei sungen første gongen av eit kor ved 50-årsfesten for frigjeringa på Eidsvoll, 17. mai 1864.

I den første versjonen hadde Bjørnson med ei hylling til kongen og den svensk-norske brorskapen:

Nu gror bare Aks i Vejen
for hin Ufredsmann.
Frihed svinger glad fra Hejen
mod vort Naboland!
Kongen selv staar stærk og aaben
som vor Grænsevagt,
og hans allerbedste Vaaben
er vor Broderpagt.

Denne strofa blei seinare teken ut.

a Kva er det ved innhaldet i diktet som gjorde det veleigna som nasjonalsong?
b Bjørnson nemner fleire historiske hendingar i diktet. Kvifor trur du han nemner akkurat desse hendingane?
c «Ja, vi elsker dette landet» blei skrive for nesten 150 år sidan. Er dei nasjonale verdiane som diktet framhevar, aktuelle også i dag?
d Synest du at nasjonalsongar bør stå uforandra gjennom tidene, eller bør dei moderniserast i tråd med utviklinga?
e Kva for veremåtar, verdiar og hendingar burde ha vore med dersom Noreg skulle få ein ny nasjonalsong i vår tid?
f Prøv å lage ein ny nasjonalsong, der de byggjer på moment frå oppgåvene ovanfor.
g Kva har nasjonalsongen å seie for oss i dag?
• Nemn nokre situasjonar der det er naturleg å bruke nasjonalsongen.
• Kan de tenkje dykk situasjonar der de ikkje synest det passar?
• Kva meiner de om nasjonalsongen og andre nasjonale symbol?


Oppgåve 2
Nedanfor ser du den samiske nasjonalsongen omsett til bokmål. Songen er skriven i 1906 av Isak Saba. Ved samekonferansen i 1986 blei det vedteke at songen skulle vere felles samisk nasjonalsong, og i 1992 godkjende Sametinget i Noreg songen som offisiell samisk nasjonalsong.


Samefolkets sang

Langt nord under Store Bjørnen
sakte stiger Samelandet:
Vidde seg bak vidde strekker,
sjø ved sjø hvor øyet rekker.
Lier, åser, snaue rabber
hever seg mot himmelbrynet.
Elver bruser, skoger suser,
stålgrå, steile fjell-nes skyter
mot det ville hav seg ut.

Vintertid med storm og kulde,
snøflokk uten mål og måte.
Sameslekten dog av hjertet
henger ved sitt hjem og yrke.
For en vandrer månen skinner,
nordlys flimrer, stjerner tindrer.
Reingrynt høres mellom krattet,
sus og brus fra sjø og slette,
pulkestøy langs vintervei.

Og når sommersolen gyller
fjell og skoger, hav og strender,
fiskere i gull-glans gynger,
gynger stilt på hav og innsjø.
Gyllent glinser svømmefugler
og som sølv de store elver.
Staker glimter, årer glitrer,
folket under sang det farer
gjennom stiller, stryk og foss.

Samelandets ætt og stamme
utholdt har og tålt så mange
herjingstokter, bannskaps-handler,
frekke, falske skattefuter.
Hill deg, seige samestamme!
Hill deg, fredens rot og flamme!
Aldri er der kamper kjempet,
aldri broder-blod har runnet
i den stille sameslekt.

Våre fedre før har seiret
over dem som urett øvet.
La oss også motstå, brødre,
dem som oss vil underkue!
Solens sønner seige avkom!
Aldri skal du overvinnes,
om det gylne språk du vokter,
husker dine fedres tale:
Sameland for samene!

a Kva slags haldningar til det samiske folket og landet kjem til uttrykk i songen?
b Kva for verkemiddel blir brukte for å fremje nasjonalkjensle?
c Songen finst på CD en til Tema 2. Lytt til melodien. Kva for ei stemning formidlar han?
d Dersom ein same representerer Noreg i ein internasjonal idrettskonkurranse og vinn gull – kva for ein nasjonalsong skal spelast når han eller ho står på pallen?

Skriv ein kommentar med utgangspunkt i spørsmåla ovanfor.


Oppgåve 3
Finn nasjonalsongane til Danmark og Sverige på originalspråket og til Polen, Frankrike, Zimbabwe, India og Kina i engelsk språkdrakt. De kan finne mange nasjonalsongar på denne nettstaden: http://www.nationalanthems.info/.

a Liknar innhaldet og forma i desse nasjonalsongane på «Ja, vi elsker dette landet», eller vil de seie at nokre av dei skil seg ut på ein eller annan måte?
b Nasjonalsongar dreiar seg gjerne om frigjering, historiske høgdepunkt, fellesskap, militære bragder, natur og religion. Kva for innhaldsmoment står sentralt i tekstane de har funne? Kva er forklaringa på at desse momenta er trekte fram? (Slå opp i eit leksikon og les om historia til dei aktuelle landa for å finne informasjon om historiske hendingar som er nemnde i songen.)
c Legg merke til når dei ulike nasjonalsongane er skrivne (eller offisielt er blitt nasjonalsongar), og prøv å forklare kvifor dei er blitt til akkurat då.
d På internettadressa ovanfor kan de også høyre melodien spelt. Vel ut ein av nasjonalsongane og øv dykk på å syngje han, slik at han kan framførast i klassen.


Oppgåve 4
Har elevane i klassen ulik nasjonal tilknyting? Presenter nasjonalsongar som de er knytte til. Kor høg status har nasjonalsongane, og i kva for samanhengar blir dei brukte?


Oppgåve 5
EU framstår i dag med mange særtrekk som elles er typiske for ein nasjonalstat. Ved sida av dei reint politiske institusjonane kan vi nemne både ein eigen unionsborgarskap, ei eiga mynteining og Europa-flagget. I tillegg kjem «Europahymnen» som nasjonalsong. I 1972 valde Europarådet eit musikalsk arrangement av Herbert von Karajan over hovudtemaet i siste del av Beethovens niande symfoni, 4. sats, «Ode til gleda», som hymne for rådet. Frå 1986 er hymna også blitt brukt av Den europeiske unionen.

a Nemn tre argument for ein europeisk nasjonalsong.
b Nemn tre argument imot.
c Skriv ein kommentar med utgangspunkt i argumenta. Kommentaren kan til dømes vere utgangspunkt for ein klassedebatt.