Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  4 (Førestellingar om det norske)   >  LÆRARRESSURSAR  >  Korleis kapittelet er tenkt brukt
   
  KAP. 4. FØRESTELLINGAR OM DET NORSKE
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Korleis kapittelet er tenkt brukt

Stoffet i dette kapittelet er nytt i høve til gamle læreplanar. Læreplanane i Kunnskapsløftet set opp kompetansemål, og det er lærarane som med sin faglege kompetanse skal fylle faget med innhald. Derfor seier planen lite om kva elevane skal arbeide med, men meir om kva dei skal vere i stand til å gjere. I norskplanen er det likevel slik at nokre emne er blinka ut til fordjuping. På vg2 er førestellingar om det norske eit slikt emne. Det er likevel forma som eit kompetansemål: Elevane skal kunne «forklare korleis ulike førestellingar om det norske blei skapte i sentrale tekstar frå 1800 til 1870».

Ei kort drøfting av kompetansemålet kan vere nyttig. Tidsavgrensinga 1800–1870 meir enn indikerer at førestellingane skal studerast i eit historisk lys. Med våre dagars auge skal vi undersøkje korleis det norske blei forstått for rundt 120 til 200 år sidan. Saman med den kanskje litt unødvendige presiseringa om at førestellingane er skapte, fortel dette oss at læreplanen legg opp til at emnet skal undersøkjast med eit kritisk blikk. Det heng nok saman med eit uttalt mål frå læreplangruppa om å gjere norskfaget mindre nasjonalistisk eller nasjonsbyggjande enn det mange har oppfatta faget som.

At elevane skal kunne «forklare», viser likevel at det er (djup) forståing som først og fremst er målet for arbeidet med emnet. Elevane skal reflektere over kva som blei oppfatta som norsk den gongen, og historisere det. Det vil seie at dei må kunne vere i stand til å forklare kvifor førestellingane oppstod, og vurdere dei i høve til tilsvarande førestellingar i dag.

Eit siste moment i målformuleringa som treng ein kommentar, er omgrepet «sentrale tekstar». Vi skal altså bruke skriftlege kjelder frå den gongen for å komme fram til målet. Her er det naturleg å tenkje at tekstar er eit breitt utval av sjangrar, både sakprosa og skjønnlitteratur. Det blir vist til og sitert frå ein del slike sentrale tekstar i kapittelet. Dei har ulike opphav: Borgarrettstenking og romantisk filosofi legg det idéhistoriske grunnlaget for nasjonstenkinga (sjå også kapittelet om romantikken). Debatten i 1814 om landet si framtid og faglitteratur og debatten om språk og historie dei følgjande åra, gir viktige bidrag til å forstå kva som ligg i «det norske». I litteraturen er det eit prosjekt for mange å fange den norske folkekarakter gjennom personteikninga og bruke særnorske motiv for å gi miljøet ein nasjonal patina. Å trekkje lange historiske linjer, til dømes ved bruk av segner og historisk stoff, blir også viktig.

Kapittelet er på elleve sider med brødtekst. Det kan vere naturleg å dele det i ei eller to lekser. Ein kan arbeide berre med dette kapittelet (ca. 1–2 veker), men det er kanskje meir naturleg å knyte det saman med kapittelet om litteraturen etter 1800, sidan kapittelet kastar lys over nettopp denne perioden. I tekstsamlinga har vi tre tekstar som er valde spesielt med tanke på dette kapittelet, men fleire av tekstane frå perioden kan gjerne lesast i tillegg (til dømes «Luren» av Maurits Hansen og nasjonale songar). Dei tre tekstane er ein forkorta versjon av Aasmund Olavsson Vinje: «Om vaart nationale Stræv» (side 465), som er ei samtidig kjelde om emnet, og to notidige tekstar, John Olav Egeland: «Elsker dette landet» (side 276) og John Erik Riley: «Fem innledninger til et mislykket essay om paragraf 1 i den norske grunnloven» (side 303), som kan hjelpe elevane med historiseringa av stoffet. Alle desse tekstane eignar seg nok best til lesing etter at sjølve kapittelet er lese.

Det finst mange moglege inngangar til stoffet. Ein kan sjølvsagt begynne med ein gjennomgang av lærestoffet og bruke den vedlagde lysbiletepresentasjonen. Men sidan det her er snakk om førestellingar, er det kanskje aller best å la elevane på førehand reflektere over sine eigne førestellingar om det norske. Til det kan fordjupingsoppgåve 1 («Typisk norsk?») brukast (side 61). Dersom ein gjer det, er det kanskje lurt å ta diskusjonen (første del av oppgåva) før ein arbeider vidare med stoffet, og skrivinga (siste del av oppgåva) etterpå. Ein annan inngang kan vere at ein bruker biletmaterialet i kapittelet, og gjerne nokre av bileta frå kapittelet om litteraturen på 1800-talet, til å diskutere det norske.

Elles finst det fordjupingsoppgåver om nasjonale dikt og songar, om nasjonal musikk og den moderne nasjonalstaten. Her på nettstaden http://tema.samlaget.no finst det tre nettjaktoppgåver knytte til kapittelet – ei om «det norske vi» som tek utgangspunkt i ein tale av utanriksminister Jonas Gahr Støre, ei om den norske grunnlova og ei om nasjonal målarkunst i perioden. Alle fordjupings- og nettjaktoppgåvene er meinte å ebbe ut i anten ei skriftleg oppgåve eller ei munnleg framstilling. Det går sjølvsagt an at ulike grupper gjer ulike oppgåver (om nødvendig med små justeringar) og at resultata blir lagde fram for klassen. Det kan bli ei fin oppsummering av kapittelet.

Litteratur
Ei viktig kjelde i arbeidet med skrivinga av dette kapittelet har vore Gudleiv Bø: Å dikte Norge: dikterne om det norske (2006).

www.aasentunet.no finst det meste av språkhistoriske kjelder frå 1800-talet som handlar om språk og nasjon.

Talar om det nasjonale frå det same hundreåret finst på nettadressa www.virksommeord.uib.no.