Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg2  >  Tema vg2  >  3 (Film og dataspel)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Film fra sør
   
  KAP. 3. FILM OG DATASPEL
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Film fra sør

Presentasjon av ”Film fra sør”
To elevar lagar ein presentasjon for klassen av filmfestivalen «Film fra sør» og nokre av filmane som blir viste eller er blitt viste på denne festivalen inneverande år.

Presentasjonstid: 10 min.

Kjelder: Heimesidene til «Film fra sør», spesielt programmet for festivalen. Bruk også andre kjelder.

Moment som kan vere med i presentasjonen:
  • Kva slags festival er «Film fra sør»? Kva er formålet med denne festivalen?
  • Kva for land er representerte med filmar på denne festivalen? I kva verdsdelar ligg desse landa?
  • Kva for land er representerte med flest filmar? Lag ei «topp tre»-liste.
  • Kor mange filmar har du sett frå desse landa?
  • Kva kan vere grunnane til at mange av filmane på festivalen ikkje blir viste så ofte på norske kinoar?
  • Vel tre filmar du kunne tenkje deg å sjå. Les presentasjonen av desse filmane i programmet. Kva handlar dei om? Kvifor kunne du tenkje deg å sjå dei? Du kan også prøve å finne ut meir om desse filmane og dei som har laga filmane, ved å søkje på Internett.

Klassediskusjon:
Kva for kultur(ar) møter vi oftast på kinofilm (eller DVD)? Kva tenkjer de om dette etter presentasjonen av «Film fra sør»?

Tidsbruk:
To skuletimar og eventuelt heimearbeid for å lage presentasjonen.