Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  11 (Retorikk)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Har vi bruk for retorikken?
   
  KAP. 11. RETORIKK
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Har vi bruk for retorikken?

Læreboka påstår at retorikk er ei rettesnor for korleis språket bør brukast, men også ein reiskap for korleis vi skal forstå og vurdere det som blir sagt og skrive. All språkbruk er retorisk, og ein god retorikar er ein som bruker språket bevisst.

Læreplanen slår fast at elevar skal bruke retorikk og retoriske omgrep i tolking og vurdering av eigne og andre sine tekstar i mange ulike medium. I denne nettjaktoppgåva skal du få undersøkje nærmare om retorikken er relevant.

I Apollon – forskingsmagasinet til Universitetet i Oslo – stod det i februar 2004 ein artikkel om kor relevant retorikken er. Artikkelen er forma som eit intervju med retorikkekspert og professor i klassiske fag Øyvind Andersen.