Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
   
  KAP. 10. SPRÅK OG SPRÅKPOLITIKK I NORDEN
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 

Stortingsmelding nr. 35 og bruk av engelsk i det norske samfunnet

I juni 2008 blei St.meld. nr. 35 (2007–2008): Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk lagd fram. Formålet med meldinga er, som det heiter først i kapittel 1, «å leggja grunnlaget for ein ny, strategisk språkpolitikk med eit heilskapleg perspektiv på språk og samfunn». Ei av dei store utfordringane som meldinga tek tak i, er at Noreg i stor grad har utvikla seg til eit fleirkulturelt og fleirspråkleg samfunn, der engelsk speler ei viktig rolle.