Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg3  >  Tema vg3  >  6 (Språkdebatt og språkpolitikk 1900-2007)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Språk og makt
   
  KAP. 6. SPRÅKDEBATT OG SPRÅKPOLITIKK 1900-2007
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Språk og makt

Oppgåve 1 – Namn på folkegrupper

Våren 2008 blei to familiar av rom-folket mykje omtalte i media. Nemninga som blei brukt om familiane, var «sigøynarar». Men representantar for rom-folket kravde at media skulle slutte å bruke nemninga sigøynar, og mange medium endra raskt ordbruken. Les reportasjen på heimesidene til NRK. Noter hovudpoeng frå reportasjen og diskuter i klassen:
  • Korleis argumenterer Jan Jansen?
  • Korleis vurderer de denne argumentasjonen?
  • Var det rett av media raskt å endre nemninga frå sigøynarar til rom?
  • På kva måte ligg det makt i å setje namn på grupper av menneske?

Nettadresse til reportasjen - frå NRK

Tid: 30 minutt