Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
   
  KAP. 6. SPRÅKDEBATT OG SPRÅKPOLITIKK 1900-2007
 
KOMPETANSEMÅL
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURSAR
 
RESSURSBANK
 

Orddeling – eit problem i norsk rettskriving?

Norsk har andre reglar for orddeling enn til dømes engelsk. Samansette ord i norsk blir uttalte som eitt ord, det vil seie at «ordmelodien» limer ordet saman. Prøv å seie orda «storebror» og «store bror», så høyrer du forskjellen. Derfor skal samansette ord som hovudregel samskrivast i norsk. Likevel ser vi ofte døme på særskriving – eller kanskje vi kan kalle det sær skriving? Mange er opptekne av dette fenomenet, og nettstaden «Astronomer mot orddeling» er blitt populær. Her blir døme på feil orddeling lagde ut og kommenterte – til skrekk og åtvaring. Bloggaren Anders Brenna, derimot, meiner vi bør få meir liberale orddelingsreglar i norsk.