Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg1  >  17 (Litterær analyse og tolking)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Døme på tolking/analyse
   
  KAP. 17. LITTERÆR ANALYSE OG TOLKING
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURS
 
RESSURSBANK
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

Døme på tolking/analyse

På Internett er det mogleg å finne elevanalysar av ulike litterære tekstar. Nedanfor finn du lenkjer til nokre slike nettstader. Dei viser til analysar av tekstar som står i læreboka. Vel ut to av analysane (eller finn andre sjølv). Vurder analysane. Her er nokre forslag til spørsmål du kan prøve å svare på:

a Er innleiinga god? Presenterer ho teksten eller emnet på ein interessevekkjande måte?
b Har analysen ei klart formulert problemstilling?
c Får du som lesar eit godt innblikk i innhaldet i teksten som blir analysert?
d Kjem analysen inn på korleis teksten er bygd opp, og korleis han er fortald?
e Verkar analysen sjølvstendig, eller er han skriven mekanisk etter oppskrift?
f Har analysen ein klar konklusjon?
g Kva er det viktigaste resultatet i analysen?
h Er språket i analysen godt?
i Kva ville du ha gjort annleis dersom du skulle analysere den same teksten?
j Kva slags karakter ville du ha gitt analysen?

Lenkjer:
Tolking av Frode Grytten: «Oktober»: www.propaganda.net/skoleside/?stil=23
Tolking av Ingvar Ambjørnsen: «En falkepleiers bekjennelse»: www.daria.no/skole/?tekst=3767
Tolking av Soga om Gunnlaug Ormstunge: www.daria.no/skole/?tekst=1049
Tolking av Tore Renberg: Mannen som elsket Yngve: www.daria.no/skole/?tekst=3593