Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
   
  KAP. 8. FILM
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURS
 
RESSURSBANK
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

Film frå aust (eller frå ein annan stad i verda)

1 Vel 2–3 filmar av den same regissøren.
Dersom du vil velje filmar frå aust, kan vi foreslå desse:
Zhang Yimou (Kina): Hero, Flyvende dolker, To live, Rise the red lantern
Wong Kar Wai (Kina): In the Mood for Love
Kim Ki-Duk (Korea): Tomme hus, Vår, sommer, høst, vinter ... og vår

Oversikt over filmproduksjonen til ulike regissørar finn du på nettstaden www.imdb.com.

2 Sjå filmane og svar på desse spørsmåla:
a Kva er temaet i filmane du har sett?
b Kva formidlar filmane av innsikt og forståing?
c kva for filmatiske verkemiddel er dominerande i filmane, og kva slags verknad har dei? (sjå Tema vg1 kapittel 8 om film)
d Kommenter og vurder filmane.

3 Presenter regissøren og særtrekk ved dei filmane som denne regissøren har laga, på bakgrunn av arbeidet du no har gjort. Bruk både aktuelle nettstader og glimt frå sentrale scenar frå filmane du har sett, for å illustrere poenga dine.