Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg1  >  7 (Ord og bilete)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Interessert i teikneseriar?
   
  KAP. 7. ORD OG BILETE
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURS
 
RESSURSBANK
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

Interessert i teikneseriar?

Tidsramme:
Oppgåve A: ei økt på skulen og heimelekse
Oppgåve B: ei økt på skulen og heimelekse

Teikneseriar er samansette tekstar som må lesast som ikonotekst, det vil seie at den skrivne teksten og teikningane saman skaper historia. Teikneseriar er ein populær sjanger, og det finst ei mengd ulike typar – frå enkle striper til teikneserieromanar. Mange av teikneseriane har høg kunstnarleg kvalitet.


Oppgåve A
Har du ein favorittserie eller ein teikneseriefigur som du liker spesielt godt? På nettstaden 123tegneserier.com finn du lenkjer til fleire teikneseriar som er lagde ut på nettet. Klikk deg inn på den teikneserien du liker best, og skriv ei melding av denne serien.

Presenter meldinga i klassen, publiser meldinga i det digitale klasserommet eller i skuleavisa.


Oppgåve B
Lag di eiga teikneseriestripe. Lag historia og skap figurane sjølv, eller bruk ei skriven forteljing som utgangspunkt.

Lær om korleis ein lagar teikneseriar her.
Her kan du publisere teikneseriar du har laga sjølv.
Creaza – nettstad der ein kan lage sine eigne teikneseriar.