Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg1  >  7 (Ord og bilete)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Kan de lage eit godt avisoppslag?
   
  KAP. 7. ORD OG BILETE
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURS
 
RESSURSBANK
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

Kan de lage eit godt avisoppslag?

Tidsramme: tre økter på skulen og heimelekse

Arbeid i par:
1 Kva skjer frå noko hender, til det kjem på trykk i avisa? Klikk dykk fram gjennom «avisproduksjonen». Etterpå skal de kunne forklare for kvarandre
a) kva portvakt er
b) kva NTB er
c) omgrepa ingress, byline, brødtekst
d) skrivemodellane sirkelen, pyramiden og champagneglaset
e) skilnaden mellom arrangerte bilete, reportasjebilete og manipulerte bilete
f) kva det blir lagt vekt på når stoffet skal presenterast i avisa
g) kva dagsordenfunksjon er

2 Bruk informasjon på nettstaden og stoff frå andre kjelder til å vurdere ei avis i papirutgåve. Noter stikkord. Moment de kan kome inn på:
a) grafisk utforming, plassering av tekst og bilete
b) ordning av stoffet i avisa (forholdet mellom hovudoppslag og mindre viktige oppslag osv.). Kva for stofftypar er viktige i denne avisa?
Studer nokre av reportasjane og sjå om de kan finne fram til «skrivemodellen» som er brukt.

3 Studer døme på avissider som har fått prisar i Noreg dei siste åra: Klikk dykk inn på heimesidene til Mediebedriftenes Landsforening, gå til «Årets avisside» i menyen til høgre, gå vidare til «Arkiv» i undermenyen som då kjem fram. Her kan de sjå avissider som har vunne prisar, og korleis juryen har grunngitt prisane. Noter nokre av grunnane til at ulike oppslag fekk pris.

4 Lag eit avisoppslag ved hjelp av eit redigeringsprogram. De vel sjølve kva slags sak de skal lage oppslag om – om det skal vere knytt til skulen, lokalsamfunnet eller dreie seg om aktuelle hendingar nasjonalt eller internasjonalt. Last ned bilete til oppslaget frå nettet, eller ta bilete sjølve.

5 Alle oppslaga blir skrivne ut og hengde opp i klassen. Kva for oppslag er best? Diskuter før de går til avstemming.

Har de lyst til å lage skuleavis på nettet?