Tema har blitt erstattet av det nye læreverket Intertekst
Du er her: Hovudsida  >  Tema vg1  >  3 (Lyrisk dikting)   >  OPPGÅVER  >  Nettjakt  >  Dikt på nett
   
  KAP. 3. LYRISK DIKTING
 
OPPGÅVER
 
LÆRARRESSURS
 
RESSURSBANK
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18

Dikt på nett

I denne oppgåva er det meininga at du skal arbeide med lyrikk på ein uhøgtideleg måte, men kanskje likevel slik at du kan lære noko.

Gå til Dagbladet på nett: www.dagbladet.no/skolekammeret/.
a) Bruk litt tid til å setje deg inn i kva slags nettstad dette er.
b) På denne sida finn du sju råd for dei som vil skrive dikt. Du kan klikke på kvart råd og kome til ein meir utfyllande artikkel om kvart emne:
1 «Å gjenta lyd»
2 «Å overraska lesaren»
3 «Å lytta til stilla»
4 «Å sjå tinga som nye»
5 «Å dela ei linje»
6 «Å våga seg ut i ord»
7 «Å slutta mens enden er god»
Klikk deg inn på desse artiklane, les dei og gjer deg opp ei meining om råda er gode eller dårlege. Vurder deretter artiklane. Gi dei terningkast frå 1 til 6 og grunngi vurderingane.
c) Du finn også lenkjer til «Årets dikt» og «månedens poet», det vil seie til dikt som kvar månad er blitt trekte ut blant dikt som skuleelevar har sendt inn til nettstaden. Vel ut tre dikt som du les. Skriv ein kort kommentar til kvart av dikta, der du mellom anna kan bruke dei sju råda ovanfor som vurderingskriterium.
d) Lag eit eige dikt om et valfritt emne. Du kan la deg inspirere av nokre av dikta du har lese, eller du kan prøve å følgje nokre av råda som blir gitt på nettstaden.
e) Dersom du er fornøgd med diktet du har laga, kan du leggje det inn på sida. (Klikk på «Send inn ditt dikt!» øvst på sida, og du får ein kommentar på det frå ein erfaren norsklærar.)
f) Dersom du likte å arbeide med lyrikk på denne nettstaden, kan du lagre han som favoritt. Seinare kan du då til dømes gå inn og ta verkemiddeltesten, eksamenskurs i lyrikk og/eller høyre på tonesette dikt osv.